Laks med pasta og pesto

Porsjonar:

2


Tid:

20 minutt

Ein særdeles enkel rett, som den største amatør kan lage



Ingrediensar

  • 2-3 bitar med laksefilet (Laksekotelettar går óg an)

  • Pasta (Den typen du har lyst på)

  • Pesto (Kan kjøpast på eige glas i butikken)

  • Champignon

  • Sitron (Kan utelatast)

  • Salat, paprika, cherrytomater eller andre grønsaker du måtte ha lyst på

Framgongsmåte

  1. Dryss salt og pepper på laksen. Dersom du har ei sitron kan sitronsaft óg vere godt.

  2. Smør laksefiletane inn i pesto. it par teskeier for kvar filét er greit

  3. Sett laksen i ovnen på ca. 175 grader i 15-20 minutt. Du treng ikkje aluminiumsfolie.

  4. Kok pasta. Når pastaen er ferdig kan du gjerne blande inn litegrann smør og eventuelt ei teskjei eller to med pesto.

  5. Varm opp ei steikepanne med litt smør i. Skjer opp champignon og steik på høg varme. Dryss på salt og pepper. Hugs å halde panna i bevegelse.

  6. Mot slutten av steikinga, steiker du óg eit par cherrytomater saman med soppen.

  7. Legg pastaen nederst på tallerkenen, med laks på toppen. Pynt med champignon, tomater og salat eller liknande.

  8. Et og nyt :)

Lykke til og bon apétit!


Lagt til av Magnus 29.05.2009 00:00:31